Setesdal Sogelag
Setesdal Sogelag driv sogelagsarbeid i setesdalskommunane Bykle, Valle og Bygland, og har ca 145 medlemer pr mai 2024. Setesdal sogelag står for ulike arrangement, som sogevandringar m.m. Vi utgjev kvart år eit årsskrift med eit breitt historisk innhald frå Setesdal. Etter vedtektene er sogelaget sitt føremål å fremje interesse og auke kjennskap til soge og kulturvern. Setesdal sogelag er med i Agder historielag http://historielagene.no og Landslaget for historie landslaget.org http://landslaget.org